06.06.2022 - Hanne Stedje
Det vart ein heftig kveld for ÅFK 2 på Lærdal stadion denne pinsedagen.
Me leda 3-0 til pause, heimelaget kom delvis att - trass i at dei måtte fullføra med 10 mann - men til sist vart det 4-2 til oss.
Endre Jevnaker skåra 2, Kristoffer Eri og Marius Loftheim skåra eitt kvar.
Takk for kampen, gode naboar - takk til dommar Helge Verpeide frå Kjøkkelvik, som er blitt godt kjend med oss denne sesongen - og TAKK til alle som var med oss i Lærdal i kveld.
I morgon er me på Cuba kl 1900 - vel møtt!!