- Eg kunne ikkje ha drøymt om så overveldande og motiverande respons på lovanden om barisjogging. Neste gong spring eg uansett resultat, seier ein litt letta Ørjan Cafu Skilbrei etter at Lærdal vann 5- 3 over ÅFK 3 i kveld.  

Dagens spelar på heimelaget var Niklas Dvergedal etter solid jobb, medan målmann Eirik Lågøen Øvstetun mellom anna kan skriva heim om ei strålande strafferedning.

Det hjelpte altså lite til sjuande og sist, då lærdølene reiste med alle poenga.

Me takkar Lærdal og dommar Festus Nahayo Kwisera frå Vik for kampen - og sender ei stor og takksam helsing ut til alle som var med oss på Cuba i kveld!

Me ønsker alle riktig god sommar og er tilbake på kamp 15.august