11.08.2022 - Elin Hæreid
Julian Lægreid har signert i sommar, og er no ein fullblods ÅFK’ar.
 
Julian hadde sin debut mot Bremanger i vårsesongen, ein kamp der han kom inn som innbytter, scora og vart matchvinner. Ellers er me jo blitt godt kjende med han.
 
Thomas Mittet har denne veka signert oss. Thomas er storebror til Elias Mittet, og såleis halvt aordøl han og!
 
Sportsleg leiar Alf Roger Lereng har følgende å sei: «Thomas er ein spennande spelar som kan bekle mange roller på laget. Han er ein spelar med stor arbeidsmoral, og har svært gode haldningar som laget vil dra nytte av»
 
Me ynskjer Julian og Thomas hjarteleg velkomne med eit stort COYÅ!