15.08.2022 - Hanne Stedje
Klar heimeseier i dag då ÅFK 2 slo ÅFK 3.
Resultatet vart 5-1 til dei raude ( altså i heimedrakt).
Jesper Eldegard og Oskar Grenager skåra to kvar, Kevin Lægreid og Benjamin Turnovic Alme skåra kvar sitt.
Takk for kampen, alle - takk til alle som var med oss på Cuba i dag og ei særskild takk til dommartrioen Norill Terese Norheim, Oda Bjelde og Anna Maria Bremer frå Hafslo.
Nye sjansar neste veke, folkens!