Det var rett nok ein fin kveld på Kreklingen, men det gjekk ikkje heilt etter planen for vår del.
I følge manager hadde det gått enda verre om det ikkje var for målmann Marius Kleiven.
 
-Tap 3-0 borte mot Balestrand. Me møter eit ungt og hardtjobbande lag, men me står godt i mot heilt fram til me slepp inn på ein uheldig corner etter 44 min.
Me har eit par store sjansar ved Benjamin Turcovic Alme og Jesper Eldegard, men er litt uheldige.
Balestrand skapar også masse, men avbilda Marius Kleiven stod som ein helt i 90 min.
Fleire fantastiske redningar, men måla var utagbare. Alt i alt så tapar me mot eit hakket bedre lag, sånn er det, heiter det i eit telegram frå Esefjorden.
 
Takk for kampen, Balestrand - og takk til dommar Egil Arne Vårdal, Askvoll og Holmedal.
 
Me er tilbake neste veke med nye sjansar, folkens!