03.09.2022 - Elin Hæreid
Obligatorisk bilde frå bortekamp: «Oppstilt bilde av spelarar på ferje, viser med fingrane kor mange mål dei har skåra».
Her kunne nok Marius Loftheim ha holdt ein, sidan han laga det eine av våre, medan Lukas Bruheim korrekt viser teiknet for to - 2 - mål. Med andre ord: Me skåra 3 og me vann. Balestrand skåra eitt.
Manager Gøran Moheim har sendt oss følgande telegram:
«Vinner 3-1 etter to mål av Lukas og eit av Marius. Jamn første omg der me skåra mot slutten av omgangen. Skåra to kjappe etter pause, og kontrolera godt etter det. Balestrand skapa litt spenning siste kvarteret etter at dei skåra på straffe. Alt i alt ein god kamp av oss, mot eit fintspelande Balestrand. Roy Bergerud dommar»
Takk for kampen, Balestrand - og takk til dommar Roy - absolutt alle velkommen på Cuba i morgon kl 1800!