Tøffe tak for Alexander Mjølvær og Benjamin Turkovic Alme med to kampar på to dagar
I dag var ÅFK 3 i Lærdal, der desse to skåra kvar sitt mål.
Me låg under 3-2 til pause etter ein god første omgang, der me ved eit uhell også skåra ein gong for heimelaget. Etter ein brå start etter pause med 4-2-målet, greidde me diverre ikkje å henta oss inn att.
Resultatet vart 6-2 til slutt.
Lagleiar Andre Østvik ser likevel lyspunkt: - Fantastisk mål av Mjølver til 1-1.
Bennyen bomma på straffen, men tok returen og scora på den, skriv han i eit telegram.
Takk for kampen, Cafu & co - takk til dommar Asbjørn Kjetil Grinde Håre - sjølvaste, og takk til alle som var med oss i Lærdal i kveld.