20.09.2022 - Hanne Stedje
ÅFK 2 og ÅFK 3 vil med dette takka ALLE som har vore med oss på Cuba stadion denne sesongen – FOR ein bra gjeng!
Takk til alle supportarar, motstandarar og dommarar - og tusen takk for samarbeidet til ÅTIL Fotball, som står for kiosksalet under kampane våre på Cuba.
Kvar einaste kaffikopp, brusboks, kakestykke, svele eller anna digg de har handla i kiosken, betyr viktige og kjærkomne kroner til klubbkassa i Årdalstangen idrettslag.
Me kjenner oss særs priviligerte som får spela på fylkests flottaste grasbane – framfor eit så flott, trufast og ikkje minst, meget kompetent publikum.
No avsluttar me sesongen på Jotun stadion, der dei to siste kampane våre går under flomlys den 26. september og 4. oktober.
Håpar å sjå alle der òg – hjertelig velkommen! (PS: Åtil fotball kjem til å vera på plass med like mykje digg i kiosken også her!)