ÅFK 2 gjekk på eit sjeldant tap mot Lærdal Fotball A-lag i Lærdal i kveld, 4-2 vart det til slutt.
 
 
«Lærdølene ville berre dette meir og kjempa oss ut av stilen», seier trenar Gøran Moheim i ein kjapp kommentar på veg heim til landskamp.
Elias Moen Trollebø og Eirik Thomassen Øren skåra våre to mål, sistnemde var fordufta då biletet skulle takast.
 
Takk for kampen, Lærdal - og takk for flotte, heftige lokaloppgjer denne sesongen. Takk også til dommar Rune Hunderi og til alle som var med oss i Lærdal i kveld. 
 
PS: Ørjan Cafu Skilbrei hadde i forkant av oppgjeret lova å gjennomføra Jotunheimen Rundt på spark - i baris og piggsko og Roy Olsen som passasjer - dersom heimelaget skulle henta heim seier i denne kampen.
Me kjem sjølsagt sterkt tilbake med livestream så snart snøen legg seg