04.10.2022 - Hanne Stedje
Siste ordinære seriekamp for ÅFK 2 denne sesongen - 15-3 vart det på Jotun stadion i kveld - me er litt usikre på alle målskårarane og må venta til dommar Hunderi har ført alt saman inn på systemet før me kan telja opp.
 
Takk for kampen, Kaupanger - og takk for i år!
 
Takk til alle som var med oss i striregnet denne kvelden, no ventar me spent på opprykkskvalik.
 
ÅFK 3 streva litt mot Studentspretten på bortebane og fekk med seg 5-0 heimatt over fjorden. Det lever me greitt med, sidan rekneskapen likevel syner eit greitt overskot ein blaut tysdagskveld i oktober.