26.10.2022 - Hanne Stedje
Me har verkeleg mykje å feira denne sesongen.
 
Mykje heider og ære vart delt ut under seansen på Klingenberg i kveld, den gjevaste æra fekk Eirik Rode - kaptein med stor K - som vart kåra til Årets Spelar for ÅFK i Kretsligaen.
 
Marius Loftheim vart kåra til Årets Spelar for ÅFK 2, Jens Klingenberg vart Årets Spelar for ÅFK 3, medan Julian Lægreid vart Årets Unge Spelar.
 
Ein einaste spelar har fått gullskoen for å ha spelt over 300 kampar for Årdal FK ( me presiserer: JÅFK eller ÅFK OG me presiserer kampar på SENIORnivå for JÅFK eller ÅFK) - ein enorm prestasjon som det står stor respekt av. Brede Stedje Ylvisåker, me gratulerar!
 
Fleire av våre aller viktigaste støttespelarar var til stades då, mellom anna Tobias Gloppen og Christer Solheim frå Sogn Sparebank , Thomas Norheim Moen og Ruth Marit Saur frå Årdal Kraftlag og Årdalsnett - og dessutan Alf Roger Lereng og Indre SognBil AS.
 
Me vart sjøvlsagt både overraska og veldig gilde då Tobias Gloppen overrekte ein gåvesjekk på 15.000 kroner med helsing frå Sogn Sparebank, Årdalsnett og Kraftlaget - me takkar så hjarteleg!
 
Styreleiar Per Kopperdal var naturleg nok særs takksam då han tok i mot gåva på vegner av klubben og overrekte ei helsing med takk for UTRULEG godt og viktig samarbeid i året som har gått.