26.12.2022 - Sander Bjørkum Øvstetun
Tusen takk for eit supert oppmøte og vel blåst Grendacup i dag!
Ein fullsatt Tangenhall fekk vitna at Bergen 1 stakk av med sigeren i årets grendacup! I finalen slo dei solide Seim 1, etter å ha kriga til seg ein finaleplass mot Vest 2. I premie fekk vinnarane kvar sitt verdikort pålydande 500kr, sponsa av Sogn Sparebank
Gratulerar til turneringens toppscorar, Sander Kilen Hestetun - som også fekk tildelt eit gåvekort på 500 frå banke
Overskotet av påmeldingsavgifta vert fordelt likt til Åtil og Jotun - som skal bruka pengane til å hjelpa barn og unge som treng litt ekstra støtte til treningsutstyr som for eksempel fotballsko, leggisar, og diverse. Eit supert formål
Tusen takk til 2STA for ein super kiosk
Og tusen takk til alle som deltok! Dette må me nesten gjera igjen
Forsatt god jul, helsing ein nøgd arrangør