03.02.2023 - Elin Hæreid
Det har vore offentleg ei stund, men me ynskjer å gratulera Joakim Berg Nundal med signeringa i Sogndal.
Lykke til Joakim! Me vonar at dette blir starten på ei flott fotballkarriere for deg!
Me vil sakna gledessprederen vår!
Den høgreiste forsvarspelaren vår gav i går kveld eit stort JA til å vera med oss vidare!
Det er me særs nøgde med!
Det har knytt seg litt spenning til kva Elias Vee Mittet ville bestemme seg for, etter han no har flytta til Lillehammer med sin Synne, og begynt å jobba der.
Men han har gjeve meldinga: "I pendler og I er med!", noko me er særs nøgde med!
Daniel Navarsete Tonheim har gjeve melding om at han er med vidare.
Guten meiner alvor, og er i ferd med å gjera Aordøl av seg, legga Sogndal bak seg og flytta inn hit! Det likar me!
Foto: Elin Hæreid