I kveld var det siste gruppekamp i Vinterserien, og Sogndal sine juniorar kom klare til kamp. Høyanger har trekt laget sitt, så dermed sto det igjen Årdal FK/Jotun og Sogndal i gruppa vår.
Første omgang vart ein jamnspelt affære, der Lukas Bruheim førte årdølene opp i 1-0, med ein klassescoring. Det var og pauseresultatet.
I andre omgang scora Sogndal først eitt mål, nr 2 kom på straffe, og putta deretter 2 til, og fastsatte sluttresultatet til 1-4. Sogndal er dermed klare for fylkesfinale mot Førde.
Trenar Morten Brandsdal seier i ein kort uttaling etter kamp: Det var ein god innsats lenge, og det vart ein god læring for spelarane. Me takker Sogndal for kampen og ynskjer dei lukke til i fylkesfinalen.
Kampfakta:
1-0: Lukas Bruheim
1-1: Sogndal
1-2: Sogndal (på straffe)
1-3: Sogndal
1-4: Sogndal
Dommarar: Therese Figved, Bjerkrem IL, og linjedommarar: Oda Bjelde, Hafslo IL og Mathias Van Menxel, Jotun IL.
Årdal FK/Jotun sitt lag:
Tomas Hellebø, Aleksander H Nundal, Morgan Tørnes, Jørgen Klingenberg! Kristoffer Eri, Elias Trollebø(Sondre Hestetun fra 60 min), Tobias Furebotn (gult kort), Isak Øren Hove (Edvard Olsen fra 60 min), Isak Nundal (Adrian Høyum fra 85 min), Lukas Bruheim (1 mål og gult kort), Kevin Lægreid
På benken: Sigve Saur Midtun, Adrian Høyum, Edvard Olsen, Dennis Hunderi, Sondre Hestetun
Me takker dommarane og Sogndal for kampen. Takk til alle som tok turen på stadion og støtta oss, og takk til alle som følgte oss på Facebook!