Cup-draumen tok i kveld slutt etter ein jamnspelt og til dels spennande kamp i ein kald austatrekk på Jotun Stadion.
Det sto 0-0 til pause. Fjøra starta andre omgang best, og putta ballen i mål etter 47 minutter spel. Det sto seg heilt til det 90. minutt, då Truls Hovland vart fellt innanfor 16 meteren. Truls tok straffen sjølv, og satte den trygt bak Fjøra-keeper Kristian Rutlin. Ekstraomganger var dermed sikra.
Ekstraomgangane gav inga avgjersle, og det måtte straffekonkurranse til for å kåra ein vinnar. Fjøra vart hakket for sterke, og dermed er Cup-eventyret over for i år.
Morten Brandsdal seier i ein uttaling: Me viser styrke med å komme tilbake i det 90. minutt, på overtid. Me hadde håpa på å nå ein første runde, så det var kjedelig å ryke på ein straffekonkurranse i ein jamnspelt kamp.
Me takker dommarane og Fjøra for kampen. Takk til alle som tok turen på stadion for å støtta oss, og takk til alle som følgte oss på Facebook.
Kampfakta:
Årdal FK - Fjøra 1-1 (1-3 etter straffekonkurranse)
Jotun Stadion Kunstgrasbane 25 mars 2023 kl 1500
0-1: Fjøra
1-1: Truls Hovland (straffe 90 min)
Etter ekstraomganger og straffekonkurranse:
1-3
Dommarar: Jonas Sande Mossestad (Førde IL), Therese Figved (Bjerkreim IL), Andreas Ytredal Akse (Hyllestad IL)
Årdal FK: Sigve Saur Midttun (Banas Beste), Aleksander H Nundal, Tom-Rune Sæle (kaptein), Brede Ylvisåker (Eirik T Øren), Daniel Tonheim, Elias Mittet, Kevin Lægreid (Fredrik Sørli 74 min) Joachim Furseth, Tobias Furebotn, Truls Hovland, Anders Lereng
Foto og tekst: Elin Hæreid