Årdal FK har valt å skilje lag med sportsleg leiar Alf Roger Lereng.

- Det har aldri vore tvil om Alf Rogers engasjement og mange gode bidrag inn i klubben", seier leiar Per Kopperdal.

- Det er usemje om kva metoder klubben skal nytte for å nå klubbens ambisjonar, samt kva  oppgåver som skal inngå i rolla som sportsleg leiar, som no gjer at me skil lag.

- Me vil starte prosessen med å finne ein ny sportsleg leiar ganske snart og håper samtidig at vi kan få dra nytte av Alf Rogers engasjement og drivkraft på eit eller anna vis i framtida, avslutter Kopperdal.