I solskinnet på Palmafossen Idrettsplass på Voss, har me i dag spelt treningskamp mot Voss.

Morten Brandsdal uttaler etter kampenMe hever oss betraktelig i andre omgang. I første omgang er me for snille. I andre omgang går me ut og har litt meir tru på det. Me slipper inn nokre forferdelige mål der me gjer ting som me ikkje har blitt enige om. Alt i alt ein OK kamp, der det er mange som ikkje har mykje erfaring som får spele i dag. Alltid kjekt for dei å få spele. No nærmer me oss seriestart, og me er i rute.

Me takker Voss BK og dommarane for kampen, dei som tok turen til Voss for at dei gjorde så, (sjølv om Terje Lægreid kjørte seg litt vill, så fann han fram til slutt.) Tusen takk for at de følgte oss på Facebook, de som gjorde det.

17 dager igjen til me sparker igang Kretsligaen! 


Kampfakta:

Voss - Årdal FK

Palmafossen Idrettsplass 1 april 2023 kl 1400


10 min: 1-0 Voss

47 min: 1-1 Julian Lægreid

61 min: 1-2 Julian Lægreid 

67 min 2-2 Voss

83 min 3-2 Voss

2 gule kort Årdal FK

1 gult kort Voss

Dommer: Ken Roger Solberg (Telavåg IL), Assdommer 1: Michael Szajnfeld (Brann SK) Assdommer 2: Tom-John Skjølberg (Askøy FK)

Årdal FK: Sigve Saur Midtun, Eirik T Øren, Tom-Rune Sæle, Brede Ylvisåker, Daniel Tonheim (Jørgen Klingenberg) Kevin Lægreid, Isak Nundal (Elias Trollebø, Morgan Tørnes),  Tobias Furebotn, Anders Lereng, Truls Hovland, Julian Lægreid,

Benken: Kristoffer Eri Bjørkum, Dennis Hunderi

 

Foto og tekst: Elin Hæreid