Laurdag reiser me til Måløy for bortekampen mot Måløy FK.

I fjor vann me begge kampane, bortekampen enda 1-4 og heimekampen enda 6-1. I bortekampen var det Eirik Rode, Julian Lægreid, Truls Hovland og Anders Lereng som laga måla våre, og i heimekampen scora Elias Vee Mittet eitt mål, Anders Lereng scora to og Truls Hovland scora 3 mål. 

Ei melding frå Julian Lægreid og Fredrik Aspesete Sørli:

 

I kampen mot Vik så fikk vår forsvarskjempe Brede Stedje Ylvisåker raudt kort for hands. No har me fått vite at han fikk ein kamp i karantene, så me reiser dessverre oppover uten han.

Me gleder oss til kamp på laurdag.  Følg oss gjerne. Etter denne kampen skal me spele to kamper på heimebane. 

 

Foto, video og tekst: Elin Hæreid