Det vart ein målrik kamp i Måløy. Det tok 11 minutter før Julian Lægreid scora sitt første. Frisparket til Elias Mittet var av sterk Mittet-kvalitet som gjev frysninger nedover ryggen. Meget bra angrep på Julian sitt andre mål, der me fikk visa fram kvaliteter me har jobba med som eit angripende lag.
Når Simen Heggheim Mannsverk scora sitt mål, så vart me så utrulig glade. Han har enda ein gang jobba seg tilbake, og sjeldan er ei scoring meir fortjent!
Dessuten så KAN Truls Hovland scora på straffe:
Ein smilande Morten Brandsdal etter kampen:
Me takker Måløy for ein fantastisk mottaking i garderoben, der dei hadde gjort i stand eigen kaffetrakter, brus og frukt til oss. Me satte stor pris på det! De har og ein utrulig god oppdatering på FirdaLive! Så takk Måløy for eit flott arrangement!
Hjarteleg takk for kampen til Måløy og dommarane. Takk til alle som følgte oss i SoMe, for alle lykkeønskninger og heiarop.
Det vil dessverre ikkje kome bilder frå denne kampen, då det ikkje var plass til Elin Hæreid på denne turen, men til gjengjeld så fikk Per Kopperdal teste ut det nye VEO-kameraet. Så kanskje me kjem attende med levende bilder når me har funne ut korleis det fungerer.
Kampfakta:
Dommar: Asbjørn Kjetil Grinde Håre (Fjøra FK)
Assistentdommer 1: Muhamet Barlla (Eid IL)
Assistentdommer 2: Ragnar Åmot (Jølster IL)
13 min: Julian Lægreid
30 min: Elias Mittet
42 min: Julian Lægreid
74 min: Simen Heggheim Mannsverk
89 min: Truls Hovland på straffe
Gult kort: Aleksander Hatlevoll Nundal
Resultat: 0-5 til oss.
Laget vårt: Sigve Saur Midtun, Marius Loftheim, Daniel Tonheim (Fredrik Sørli), Tom-Rune Sæle (K), Aleksander Hatlevoll Nundal (Isak Nundal) Elias Mittet, Tobias Luggenes Furebotn (Dennis Hunderi) Joachim Furset (Simen Heggheim Mannsverk), Truls Hovland, Anders Lereng (Kevin Lægreid), Julian Lægreid
Oppdatering:: Isak Nundal og Dennis Hunderi hadde sin debut i offisiell kamp for oss i dag!
Då gjenstår det berre å ynskje alle ei riktig god 1.mai, så sjåast me heime på stadion 6 mai til vårt heimemøte mot Eid.
OPPDATERING: SJÅ ALLE MÅLA HER:
Tekst: Elin Hæreid
Video og intervju: Per Kopperdal