Me har gleda av å invitere alle til vår første heimekamp denne sesongen. Den går mot Eid på laurdag 6 mai kl 1400 på kunstgrasbana.

Me hadde ein siger i bortekampen og uavgjort i heimekampen mot Eid i fjor, så no gjeld det å spenne muskler for vår del.

I bortekampen på våren scora Joakim Berg Nundal og Truls Hovland, og i heimekampen på hausten var det Elias Mittet og Anders Lereng som laga måla våre.

Anders Lereng og Marius Loftheim har ei melding til dikka:

 

Me er og i gang med debuter i kampane, og her følger dei 4 siste debutantane våre. Høyr og sjå kva tanker desse flotte ungdommane har gjort seg: 

Disse gutta er me stolte av! 

På kampen på laurdag vil og produksjonsselskapet vera tilstades, så kom på kamp alle som kan og lag ein skikkelig god atmosfære på kampen. Me vil gjere alt me kan for å behalda poenga heime! 

Velkommen på kamp! Sjaoast på stadion!

 

Tekst, foto, video: Elin Hæreid