Presisering:
I høve kampen som me skal ha 16. mai vert det utlodding av ei ekte Årdal FK- trøye, og dei som vitja oss på senteret laurdag kunne skriva seg opp på ei liste for å vere med i trekninga. Vinnar vert annonsert i pausen i kampen mot Fjøra!
(det var ei misforståing i kommunikasjonen så dessverre vart det feil informasjon ut. Media beklager dette)
-----------------------------------------------------------------------------------------------------------
Tobias og Daniel med viktig melding:
----
------------------------------------------------------------------
Oppdatering:
Ein fotballens festdag krever jo ein skikkelig førfest!
16 mai kl 1730 "døljer" Verdsmannen laus i Tya-teltet. Tya stiller med bar, Verdsmannen setter stemninga, alt du trenger å gjera, er å møta opp og bli med.
Det vert sjølvsagt filming til TV-serien, så no har du og sjansen til å synga deg rett inn i hjarta til heile Norge, saman med Verdsmannen.
La allsangen joma over torget, men hugs at kampen startar kl 1900. Ta med deg den gode steminga frå Tya-teltet og kom på kamp.
video: Ketil Thorbjørnsen
----------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Oppdatering:
I går var nokre av våre spelarar på vitjing på Årdalssenteret. Me hadde eit lite innlegg om det på våre Facebooksider:
Bildet er screenshot frå Facebook, ukjent fotograf.
-------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Oppdatering:
Det vert leik, moro, servering av gratis kaffe, og det vert gratis is til ungane på torget Øvre Årdal i morgon laurdag, kl 12-13. Det vil komme spelarar frå Kretsligalaget, det vert filming til TV-serien og det vert garantert mykje god underhaldning.
Møt opp!
----------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Førstkommande tysdag er det 16 mai; fotballens festdag. Me møter Fjøra heime!
Me ynskjer oss fullstappa stadion:
Tekst, bilder og video: Elin Hæreid