Video av alle måla:

 

 

1207 tilskodarar på tribuna fekk valutta for pengane i dag. Det var ein forsiktig førsteomgang, som bar preg av at det var sterk vind som satte begrensningar i spelet. Fjøra scora eitt i første, og gjekk til pause på 0-1. 

 

Etter kvilen så kom begge laga litt bedre igang, men det heilt store spelet for vår del kom ikkje igang. Ein corner etter 86 min av Elias Mittet, der kjempar Julian Lægreid seg fram og på volley dunker den bak Fjøra-keeper Rutlin. 1-1. Men kampen var ikkje slutt med det, den vakna. Johan Svedal Flo heada ballen i mål på overtid 95 minutter spel. Heile Fjøra-leiren entra bana i elleville gledesscener. Minuttet etter var det vår tur: Truls Hovland mottok ballen fra Aleksander Hatlevoll Nundal, og Jotun Stadion eksploderte i jubel.

2-2! 

Tom-Rune Sæle:

 

Morten Brandsdal:

:

(beklager at vinden tok ein del av lyden)

 


Kampfakta:

Årdal FK - Fjøra

16 mai 2023 kl 1900

Jotun Stadion

Dommar: Jakob Sande Søgnen (Gaular IL)

Ass dommar 1: Therese Figved (Bjerkreim IL)

Ass dommar 2: Norill Terese Nordheim (Hafslo IL)

 

38 min: 0-1 Malvin Gjerde, Fjøra

46 min: Gult kort: Mathias Hovland, Fjøra

86 min: 1-1 Julian Lægreid

95 min: 1-2 Johan Svedal Flo, Fjøra

96 min: 2-2 Truls Hovland

 

Resultat: 2-2

 

Årdal FK:

 

Sigve Saur Midtun, Aleksander Hatlevoll Nundal, Tom-Rune Sæle (banas beste), Brede Stedje Ylvisåker, Daniel Tonheim (Marius Loftheim 66 min), Elias Mittet, Tobias Luggenes Furebotn, Joachim Furset, Anders Lereng (Kevin Lægreid 75 min) Truls Hovland, Julian Lægreid (Oskar Grenager)

Benken:

Jørgen Klingenberg, Eirik Thomassen Øren, Tomas Hellebø, Dennis Hunderi

 

Fjøra kom og takka for eit fantastisk arrangement me hadde stelt i stand. Dei gledar seg alltid til å koma inn til oss, men denne gangen var det ekstra kjekt fortalte dei Hjarteleg takk for denne flotte tilbakemeldinga!

Tusen takk for kampen til dommarane og Fjøra. Hjarteleg takk til alle som følgde oss på Firda Live eller såg kampen på Direktesport. Til dikka 1207 på tribuna: Dikka gjorde denne kvelden til ein festkveld, og som gjorde at me fann fram det eksta giret på ein heller tung dag. 

Hjarteleg takk til Tya som stilte opp med bar og disposisjon av teltet. Verdsmannen Thorbjørnsen; du rocker, og får det siste ordet i kveld, 16 mai. Me kjem attende med fleire bilder og video av måla i morgon.

 

 

Tekst, video og bilde: Elin Hæreid