Bremanger Fotball har sendt oss link med høgdepunkta i kampen me hadde på laurdag. Dette setter me stor pris på! Hjarteleg takk!
Sjå høgdepunkta her:
Video: Bremanger Fotball
------------------------------------------------------------------------------------------------------
Det gjekk som me frykta. Det møtte oss storm og kraftig regnvær som gjorde det umulig for begge lag å spela fotball slik ein trener på. Men det er jo både ein utfordring og lærdom i dette, og at det vart poengdeling på Bremanger stadion i dag, tek me med oss.
Morten Brandsdal oppsummerer:
Kampfakta:
Dommar: Sivert Endestad Orheim (Florø SK)
Ass-dommar 1: Torleiv Straume (Hyen IL)
Ass-dommar 2: Håkon Rundeheim (Skavøypoll IL)
2 min: 0-1 Truls Hovland, assist Fredrik Sørli
60 min: 0-2 Tobias Luggenes Furebotn
63 min: raudt kort Julian Lægreid, fikk sitt andre gule for å sparke bort ballen
63 min: 1-2 August Johan Ommedal, Bremanger
79 min: 2-2 Morten Mathias Larssen Mathisen, Bremanger
89 min: 2-3 Fredrik Sørli
95 min: 3-3 Vebjørn Igland Nigardsøy. Målgivende fra Morten Mathias Larssen Mathisen
Resultat: 3-3
Anders Lereng vart bytta ut i andre omgang og Kevin Lægreid kom innpå; ellers vart det ikkje gjort nokre bytter.
Me gratulerer Bremanger med offisiell opning av det flotte tribuneanlegget!
Hjarteleg takk for kampen til dommarar og Bremanger. Været kan me ikkje få gjort noko med. Sender og ein stor takk til dei hyggelige damene som gjorde sitt for å få oss til å kjenne oss velkomne, med kaffi og sveler.
Det vil ikkje komme bilder frå kampen.
Om 1 veke er det heimekamp mot Sandane. Då vonar me at våren er attende!
Takk til alle som følger oss i SoMe. Takk for lykkeønskninger, at det vart kun eitt poeng med heim tek me på vår kappe. Ein spesiell takk til vår største supporter, Terje Lægreid, som aldri hadde vore i Bremanger og kom kjørende fra Årdal i dag! Du er berre rå!
Til slutt ynskjer me alle ei riktig god pinse! Neste veka er filmteamet tilbake!
COYÅ!
Tekst og video Elin Hæreid
---------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Det er no ein time til kampstart i hauststorm her på Bremanger Stadion. Det merkes at det er ved kysten, men me skal brenne gummi så det lukter svidd! Det er ikkje tilhøve til godt spel, så me vil gjere alt me kan for å trossa denne kraftige kulingen.
Her er dagens kampfakta. Oppdatering skjer på Facebook under kampen.
Dommertrio:
Tropp og lagoppstilling:
Kryss alt de har, me kjører sterkt!
Tekst: Elin Hæreid
-------------------------------------------------------------------------------------------------------------
KAMPDAG 27 mai 2023
Me har overnatta i Svelgen, og er snart klar for å begynna dagen vår. Det bles godt her, og enda meir viser prognosane at det skal blesa i Bremanger under kampen.
I går kjørde sjåføren vår, Åge Sem Johansen, oss trygt fram til Svelgen. Me hadde ei fin og sosial stund på hotellet før natta, og kl 14 leder kaptein Sæle ÅFK-skuta ut på grasbana i Bremanger.
Oppdatering under kampen på Facebook-sida vår, der troppen og laguttaket kjem kl 13.
Tekst og bilde: Elin Hæreid
--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Denne veka har me heile 2 bortekamper, og no spisser me formen inn mot kamp mot Bremanger.
Marius Loftheim liker godt å promotere:
Ønsk oss meir enn gjerne lukka til!
Coyå!