15.01.2018 - Morten Sortland

Hard motstand på vegen til Ullevål.

NFF offentleggjorde i dag oppsettet til kvalikrundane i cupen, og me har fått æra av å møta Fjøra på bortebane i første forsøk.
Denne kampen vert spelt 18.mars - elles vert kampane spelt den 21. mars.

Me gler oss!  Det vil gje oss ein god mulegheit til å få revansj for at me gjekk på eit 3-1- tap for nettopp Fjøra i fjor, då i andre kvalikrunde. Dit kom me etter å ha slege Eid 3-1.

Sjå oppsettet her!