21.04.2018 - Morten Sortland

Det var lite å jubla for etter seriepremieren mot Bremangar laurdag. Årdal fekk det tøft og tapte til slutt 2-0.

– For å seia det kort og godt; Det var synd me ikkje møtte opp til kamp. Bremanger hadde omtrent ikkje ein sjanse. Likevel står det 2-0 på resultattavla, seier ein skuffa Ivan Øy.

Det var årdølene som kom best i gang på Svelgen stadion denne dagen. Vertane hadde nok 8-0 tapet for Årdal i sesongens siste kamåp i fjor friskt i minne, og la seg difor djupt.

Men Øy sine menn sleit med å skapa dei heilt store sjansane. Til pause var stillinga 0-0-. Etter kvilen gjekk Bremanger opp i leiinga etter 62 minutts spel. Eit kvarter før slutt dobla heimelaget leiinga ved Anders Midthjell.

Årdal sleit med å koma gjennom Bremanger-muren, og kampen enda med tomålstap i årets første seriekamp.

– Me møter eit lag som ligg veldig djupt og som satsa på kontringar. Me slepp inn to mål etter at Bremanger måka ballen framover og så er me både uheldige og slurverte bakover.

– Samstundes er Bremanger gode til å forsvara seg, og me hadde problem med å bryta gjennom muren deira, seier Øy, som sjølvsagt er skuffa over at laget ikkje tok med seg alle tre poenga heim til Årdal.

Neste laurdag ventar Tornado Måløy på Måløy stadion.

Les korleis kampen gjekk føre seg, minutt for minutt på Firda LIVE sin oppdatering.

Kampfakta:

Bremanger - Årdal 2-0 (0-0)

Første serierunde Kretsligaen, Svelgen stadion, laurdag 21. april

Dommar: Johnny Skjerven

Gule kort: Fredrik Sørli, Årdal FK

Årdal FK: Sivert Larsson, Simen Mannsverk, Brede Stedje Ylvisåker, Vegard Aafedt Bukve, Fredrik Sørli, Nicolai Laberg, Ole Gunnar Kjødnes, Johnny Aspeseter Hagen, Marius Loftheim, Joachim Furset, Terje Kvam Øvstetun. Anders Lereng, Sander Øvstetun fekk 30. minutt kvar, medan Stian Laberg kom innpå dei siste 15. minuttane.