06.05.2018 - Morten Sortland

Endeleg fekk me starta sesongen heime på Jotun stadion.

Og det gjekk strålande, trass i at me mangla både Johnny Aspeseter Hagen, Fredrik Sørli og Vegard Aafedt Bukve denne gongen. 4-2 vart det til slutt, etter at Anders Lereng, Nicolai Labrg og Terje Kvam Øvstetun hadde skåra våre mål.

-Ja, men manglar fleire som er veldig etablert, men det er desto meir kred til dei andre som  er att og som verkleg tek tak i dette og legg ned masse god innsats, seier Ivan Øy.

- Me begynnar veldig bra og produserer ein del sjansar i første omgang, men er lit inneffektive og slurvar litt framover i første de av første omgang. Det er først når me får det målet imot oss at me skjerpar oss. Då går det to minutt, så sit han i nettet. Og så går det to minutt til, så ledar me 2-1.

- Me veit at me har veldig mange strenger å spela på, for eksempel spelar Nicolai Laberg på venstrebacken for første gong, omtrent, han spring på seg krampe. Cafu og Brede har god kontroll bak og me har fleire som jobbar utruleg bra, både Patrick og Sander, som spelar frå start på høgrebacken. Dei gjer ting enkelt. Det er litt det fotball handlar om òg. Å gjera ting enkelt. 

Me gjekk til pause med 2-1 og det var brei semje i garderoben om at det var om å gjera å ikkje detta nedpå.

- Me veit kva våre svakheiter er – ein av dei er at me kan detta litt nedpå. Så me måtte ha full trøkk, og det viste seg å vera effektivt med tanke på at me får både 3-1 og 4-1 før Stryn får skåra, meiner Ivan.

Dei siste ti minuttane vart det kanskje litt mykje att og fram. Folk var slitne og det vart nokre byter. 
Mellom anna sette Ivan inn både ungt blod i Andreas Reseland, som gjorde ein meget god fiugr – og litt meir rutine i Kenth Lægreid (37) på topp og Gjert Nygård (33) bakerst.

- Stryn flytta opp mykje hovudsterke folk, så me måtte ha inn litt bakover, der er Gjert utruleg god og les spelet godt. Og Kenth veit kvar målet står, det veit me andre at han veit òg, seier Ivan.

- Dette er kjempekarar som er utruleg flott å ha med seg i treningkvardagen både på og utanfor bana, difor er det også viktig at dei får kamptrening på dette nivået. Som det for øvrig ikkje er nokon tvil om at dei held.

Årdal FK takkar Stryn og dommartrioen med Frank Heggestad, Veitastrond, i spissen for kampen og ønsker lykke til vidare til me møtest att.

Tysdag førstkommande er det forresten kamp på Cuba klokka 1900, ÅFK 2/Jotun/Årdalstangen møter Høyang 2, alle er vel møtt!



Deltaljert kampreferat ser du forresten her, elegant og svært kompetent skreve av Frank Øyre.