26.05.2018 - Morten Sortland
– Me hadde nok ein viss porsjon med tur i dag, seier Ivan etter at Årdal slo Kaupanger. Så vidt det var.
Me opna ellers solid i solsteiken og leia 3-0 etter ein liten halvtime. Då hadde Ørjan Skilbrei, Simen Mannsverk og Anders Lereng skåra kvart sitt mål og me hadde veldig grei kontroll.
– Det var nesten så det var divisjonsforskjell,altså. Me spelte utruleg flott fotball, gjorde det enkelt, rulla opp og produserte mange flotte sjansar og tre veldig flotte mål, seier Ivan.
– Men så hadde me ein drikkepause etter ein halvtimes tid, og etter det var det som om me berre tenkte det ville gå av seg sjølv. Og slik er ikkje Kaupanger bygd - Kaupanger er samansett av spelarar som er veldig hardt arbeidande og jobbar for kvarandre. Og det er den måten me slepp dei inn i kampen på som gjer meg litt opprørt, legg han til.
To personlege feil i forsvaret gjorde sitt til at stillinga med eitt var 3-2 då dommar Dan Kåre Esp bles av for pause.
- Så er me på hælane, altså – og det er me resten av kampen.
Og den måten me byr dei inn i kampen på , skapar ein del usikkerheit for vår del, seier han.
Med eitt var det 3-3 og ein kan trygt seia det var ny spenning i kampen.
- Me fekk fire skader i dag og måtte bytta inn folk og rokkera om, det gjer også sitt til at det blir litt usikkerheit og at ting ikkje går heilt på skinner. Eg trur nok eg kan seia at me hadde litt tur i dag som får tre poeng, seier Ivan.
Kaupanger protesterte heftig då Anders Lereng lirka inn sitt andre mål for dagen frå nærast død vinkel og meinte keeper hadde handa på ballen.
- Det er ikkje så lett å sjå, det som skjedde i den situasjonen der, seier Ivan.
-Eg trudde keeper hadde ballen, men så såg eg den var i bevegelse mot mål – eg såg på dommaren, som dømde mål, me kan ikkje anna enn takka og bukka. Det er sånt som skjer, det har skjedd oss fleire gonger, seinast mot Dale for eit par veker sidan, då var det me som fekk oss ein midt i fleisen.
- Eg forstår godt Kaupanger sin frustrasjon, men det er sånn det er. Det me må ta tak i er kvifor i alle dagar me sleppte Kaupanger innatt i den kampen i det heile tatt. Det viser kor mykje psykologi har å bety i fotballen, slår han fast.
Anders Lereng skåra to mål og vart veldig fortjent kåra til dagens årdalspelar av ein særs kompentent jury.
Detaljert referat ført i pennen av Frank Øyre står å lesa her på Firdalive.
Kampfakta:
Årdal FK – Kaupanger 4-3 (3-2)
Jotun stadion fredag 25.mai
tilskodarar: om lag 200
MÅL:
1-0 09 min Ørjan Cafu Skilbrei (Nicolai Laberg ass)
2-0 15 min Simen Mannsverk (Johnny Aspeseter Hagen ass)
3-0 24 min Anders Lereng (Terje Kvam Øvstetun ass)
3-1 36 min Sindre Rørvik
3-2 45 min Severin Halland
3-3 70 min Øystein Østvik
4-3 86min Anders Lereng
Gule kort: Ole Gunnar Bukve Kjødnes, Årdal FK, Håvard Takle Sanden, Kaupanger
Dommar: Dan Kåre Esp, Florø med Ragnar Åmot, Jølster og Torgeir Heimdal Aase, Vik
Årdal FK: Sivert Larsson, Vegard Aafedt Bukve (Anderas Reseland fra 80 min), Ørjan Cafu Skilbrei, Brede Stedje Ylvisåker, Nicolai Laberg (Sander Bjørkum Øvstetun fra 48 min), Terje Kvam Øvstetun (Marius Loftheim fra 78 min), Ole Gunnar Kjødnes, Simen Mannsverk, Joachim Furset, Johnny Aspeseter Hagen (Patricks Schjørlien Patanakarun fra 46 min), Anders Lereng