12.06.2018 - Morten Sortland
Joachim Furset var nøgd etter tre poeng over Eid i solsteika på Jotun stadion laurdag.
– Det er digg å vinna ein slik slitekamp. Me vart pressa på slutten, men eg følte me var det beste laget i store deler av kampen, seier han.
Årdal-FK trenar Ivan Øy rosar Sivert Larsson som stod ein kjempekamp mellom stengene.
- Det er dette som gjer fotball så vakkert. Sist kamp leia me 2-0 over Vik, men så var Sivert uheldig då dei utlikna til 2-2. I dag gav han oss tre poeng og betalar tilbake, seier Øy, som fekk sjå Larsson gjera den eine feberredninga etter den andre i sluttminuttane.
– Eg er kjempenøgd med resultatet. Me spelar ein god 1. omgang og har full kontroll på Eid fram til me går opp i 2-0. Så gjer Eid ei formasjonsendring og me vart pressa bakpå. Midtbaneleddet vart for djupe og etter kvart vart me heilt tappa for krefter. Eid er eit godt spelande lag og skapte mange sjansar på slutten, men me rir av stormen og innkasserer tre poeng, seier Øy.
Med denne sigeren klatra Årdal opp på 2. plass på tabellen med ein kamp meir spelt enn serieleiar Fjøra som også har to poeng meir.
– Me har ikkje gløymt serieopnonga borte mot Bremanger enda, mot Dale sleppte me inn på slutten og me leia 2-0 mot Vik. Samstundes har me vore litt heldige i andre kampar, så vårsesongen har vore heilt okey, og så veit me kva me må jobba med framover, seier Øy.