16.06.2018 - Eirik Laberg

Dette må berre gløyma fortast mulig og komma vidare.

Ivan er ganske så klar i si oppsummering etter kampen mot Skavøypollen denne laurdagen. 
- Dei kom veldig lett til på tre dødballar, og det blir me veldig hardt straffa for. Ganske enkelt. Dei skårar dei måla der – og me greier ikkje å skåra på dei få sjansane me har.

- Skavøypollen låg djupt og kontrollerte greitt inn desse tre poenga - det fjerde målet deira kom som følgjer av at me måtte ofra oss litt framover, seier han.

Skavøypollen leda 3-0 før det hadde gått om lag ein havtime. Fem minutt før slutt la dei på til 4-0.
Vår neste kamp er allereie kommande onsdag mot Studentspretten – før me igjen har kamp laurdag om ei veka.

Trenar Ivan seier han angrar litt på at han gjekk med på å flytta kampen mot studentane, som ønskte å spela kampen tidlegare.
- Det er andre gong denne sesongen at me har tre kampar åp ei veka. Og det gjer me nok ikkje igjen. Det øydelegg treningsstrukturen vår, det gjer at me kjem heilt feil ut – me kjem nok ikkje til å vera lika velvillige viss me blir spurt, seier han.

Me takkar uansett Poljen for kampen og øsnker lykke til vidare til me sjåast att.
Alle andre er velkomne til Jotun stadion kommande onsdag kl 19.00.

Kampfakta: Skavøypollen – Årdal FK
Skavøypoll stadion

Gule kort: Terje Kvam Øvstetun og Vegard Aafedt Bukve, Årdal FK og Håvard Hagen, Skavøypoll.

1-0 04 min Håvard Hagen
2-0 27 min Håvard Hagen
3-0 30 min Håvard Hagen
4-0 84 min Anders Martin Kvalvåg

Årdal FK hadde følgjande mannskap: Per Einvald Pirri Aspevik, Johnny Aspeseter Hagen, Ørjan Cafu Skilbrei, Brede Stedje Ylvisåker, Joachim Furset, Nicolai Laberg, Ole Gunnar Bukve Kjødnes, Simen Mannsverk, Vegard Aafedt Bukve, Fredrik Aspeseter Sørli, Terje Kvam Øvstetun, Edvin Hestetun, Gjert Nygård

Korleis kampen arta seg sett frå speakerbui på Poljen stadion står å lesa her på Firdalive.