04.08.2018 - Morten Sortland
Me fekk revansj for det forrige tapet mot Bremanger, så me er nøgde!
Det enda med heile 7-0 då 90 minutt var spelt. Det første skåra Christian Stedje etter nesten 40 minutt. Resten bytte me litt på å skåra etter pause.
- Me må vel kunne sei at dette bar litt preg av feriefotbal, seier trenar Ivan.
- Det er godt å komma i gang, me har litt å jobba med framover, så veldig greitt at me kan få ein seier i starten, sjølv om me til tider er litt lite effektive, seier han.
Det er vel neppe å ta for hardt i å hevda at Årdal – og også Bremanger – bar noko preg av at dette var første kamp i haustsesongen. Der gjestene frå kysten slo oss i seriestarten i vår, hadde dei lite å stille opp med med noko skrinnt mannskap denne gongen.
- Det var ein ganske treig start, der me vart litt lite effektive, men etter at me begynte å få opp dampen litt, vart me også meir effektive og produserte ein del sjansar. Det seier seg sjølv at når me vinn 7-0, har me også skåra på nokon av dei!
Dagens kampbaud på eit gledeleg gjensyn med Abbas, som igjen er klar for comeback.
- Veldig bra at me får Abbas med oss, me treng folk utover no, det blir ein lang haust og me veit at det blir skader og karantener og alskens. Då er det viktig at me har litt folk å spela på, seier Ivan.
Sidan me allereie har begynt på haustesongen før sommareferien, då me møtte Tornado Måløy i juni, har me faktisk to veker til neste kamp.
- Og det veit me godt kva me skal bruka til, slår Ivan fast.
- Det er kanskje ikkje alle som har trent like mykje i sommar, i alle fall blir det eit ganske tøft oppkøyringprogram dei neste par vekene, det vil me nok ha godt av!
Les eit langt meir interesant og detaljert kampreferat tasta ned av Sander Bjørkum Øvstetun på FirdaLIVE her.