19.08.2018 - Morten Sortland
Alt som kunne gå gale, gjekk gale.
- Stryn vinn fortjent, det må eg berre heilt ærleg innrømma, seier trenar Ivan Øy etter at me måtte reisa heim med 6-2-tap i bagen.
- Dei var gode, dei spelte godt og dei imponerte meg til tider, må eg også sei. Eg såg også korleis det at kampen tok den vendinga den gjorde, også gjorde noko med sjølvtilliten deira. Viss me hadde vore like effektive som Stryn, hadde me hatt fleire mål, me òg.
Det begynte så bra, med at Johnny Aspeseter Hagen gav oss leiinga etter åtte minutt. Og me hang verkeleg godt med utover i første omgang, trass i at Terje måtte ut med skade etter berre 25 minutt.
- Men det prega nok også oss i ein viss grad. Den perioden fram mot pause var også prega av at me vart springane mykje imellom og at me ikkje greidde å tetta att så godt som me hadde tenkt, så då Stryn utlikna var det etter ein periode med ein del press, fortel Ivan.
Det skjedde like før pause. I garderoben la me planar for korleis me skulle svara, mellom anna ved å legga om systemet.
- Men dei kom lett til nokre gonger, tre av måla er av den enkle sorten som me vanlegvis ikkje slepp inn. Det er litt ein kombinasjon av at me er litt uheldige, litt personlege feil, ballen sprett litt her og der..
Alt som kunne gå gale, gjekk stort sett gale for vår del denne gongen.
- Stryn lykkast med alt dei prøvde på, me lykkast ikkje fullt så mykje. Det ligg mykje psykologi i det at ein kamp utviklar seg slik denne gjorde. Det skjer litt i topploket, ein dett lit saman, medan motstandaren får ein boost, det var heilt tydeleg – spesielt i andre omgang, er konklusjonen.
- Det var nok ein del tunge bein utpå der. Me har hatt to veker spelefri og brukt tida til ein del hardtrening, det kan kanskje ha vore ei av årsakene til at me hadde så lite å gje i dag, men det erkan også godt henda me får sjå resultat av den typen trening etter kvart, meier Ivan.
I bunn og grunn, me var ikkje heilt på nett. Me var gode så lenge me hang med – men elles hadde me lite å stilla oppmed, diverre. Det var i bunn og grunn ein fredeleg fotballkamp, der dommar Almenning ikkje vifta med eit einaste kort og elles hadde full kontroll.
Abbas fastsette sluttresultatet til 6-2 i 90.minutt.
Det gledelege denne gongen er at me hadde ein debutant på bana i Elias Furseth Moen (16). Overgangen frå Jotun vart klar fredag ettermiddag og han kom inn på for Christian det siste kvarteret.
- Veldig kjekt, Elias fekk eit kvarter på backen og han gjorde det godt. Elias er ein kjempetype, veldig spennande spelar som det skal bli veldig artig å følgja framover, han vil me nok sjå meir til. Men det var ikkje lett å debutera i ein kamp på stillinga 5-1, det er heilt sikkert. Det var meir for å få han i gang og for å kjenna litt på det, seier Ivan.
Kampfakta:
Stryn – Årdal FK 6-2 1-1)
Kretsligaen 14. serierunde
Stryn stadion, laurdag 18.august
Tilskodarar: ein del
Gule kort: ingen!
Dommar: Rolf Kåre Almenning, Florø med Abbas Tamimi, Øste IL og Muhamet Barlla, Eid IL.
MÅL: 0-1 08 min Johnny Aspeseter Hagen (Christian Stedje ass), 1-1 43 min Mathias Garlid, 2-1 48 min Rasmus Skåre Tjellaug, 3-1 53 min Mathias Garlid, 4-1 63 min Petter Hammer, 5-1 71 min Marius Rauset, 6-1 82 min Håvard Kroken, 6-2 90 min Abbas Wahabu
Årdal FK: Sivert Larsson, Nicolai Laberg, Ørjan Cafu Skilbrei, Vegard Aafedt Bukve, Christian Stedje (Elias Furseth Moen fra 76 min) , Joachim Furset, Ole Gunnar Bukve Kjødnes, Johnny Aspeseter Hagen, Terje Kvam Øvstetun (Abbas frå 26 min) Anders Lereng