08.09.2018 - Eirik Laberg

3-0 til pause, 6-0 etter 90 minutt.

Det er vel i grunnen ikkje så veldig mykje å seia, anna enn at me ikkje eigentleg er seks mål dårlegare enn Fjøra vanlegvis. Men det var me i dag. Etter 23 minutt skåra serieleiar Fjøra sitt første mål – då me passerte 90, hadde dei skåra seks.

- Me møtte eit bedre lag i dag, rett og slett, seier Ivan.
- Me holdt i 20 minutt ut i første omgang, då stod me godt i det, tykkjer eg verkeleg. Men etter det kjende me også på at Fjøra hadde eit eller to fleire gir enn me hadde. Mot slutten gjer me ein del bytter og det blir mykje store rom, som Fjøra likar veldig godt å spela på, så då kjem det eit par ekstra mål. Men det er berre å erkjenna at me møtte eit veldig godt Fjøra-lag i dag, seier han.

Ivan seier også at timinga for kampen var ein smule uheldig for vår del.
-Ingen grunn til å svartmala sjølv om me tapar 6-0. I dag mangla me litt folk, me hadde folk på jobb og nokre halvskadde som me dermed måtte ha med oss. Me prøvde å skrapa saman eit lag gor å gjennomføra kampen og satsar på at me greier å få med oss flerie resten av sesongen, seier han, og legg til at han kjenner seg ganske sikker på at Fjøra rykker opp i år.

- Slik det ser ut no, fortjener Fjøra å rykka opp – men det er heilt opp til dei om dei vil det, då kan dei ikkje gå på smellar og dermed invitera Stryn inn i opprykkskampen, er konlusjonen.
Nye sjansar neste helg – då skal me til Kaupanger og møta Ørjan Hjellhaug og co.

Kampfakta: Fjøra – Årdal 6-0 (3-0)
Kretsligaen, 16.serierunde
Fosshaugane campus

1-0 27 min Andreas Lereim Olsen
2-0 30 min Malvin Gjerde
3-0 39 min Morten Knutsen

4-0 57 min Malvin Gjerde (str)
5-0 80 min Mathias Hovland
6-0 81 min Andreas Lereim Olsen

Dommar: Sjur Haugen, Dale Il

Gule kort: Edvin Hestetun, Årdal FK

Troppen til Årdal: Sivert Larsson, Ørjan Cafu Skilbrei, Vegard Aafedt Bukve, Brede Stedje Ylvisåker, Edvin Hestetun, Nicolai Laberg, Ole Gunnar Bukve Kjødnes, Christian Stedje, Johnny Aspeseter Hagen, Joachim Furset, Anders Lereng, Terje Kvam Øvstetun, Marius Loftheim, Fredrik Aspeseter Sørli, Elias Furseth Moen, Stian Laberg, Espen Vigdal Rudi.