05.11.2018 - Morten Sortland

Får løn for strevet etter årevis med utgifter.

Det har igjen vore trekning i privatsponsorlotteriet, der det altså viser seg at ingen ringare enn Geir Kjetil Øvstetun, vår eigen leiar, stakk av med førstepremien.

Han får eit verdikort på heile 6000 kroner som vinnar for september månad.

Geir Kjetil Øvstetun har vore leiar i Årdal FK i 13 år eller deromkring og legg kvar veke ned timevis av innsats for klubben, bådesom leiar og trenar for 6.divisjonslaget.

At han berre har vunne ein einaste gong før, kan synast rart med tanke på at han har heile tre privatsponsorbrev berre for seg sjølv.

Det finst nemleg fleire døme på at folk vinn fleire gonger, så som Bjarte Lægreid, til dømes, vinnaren for okotber.

Det er andre gong at han stikk av med premie i lotteriet i år, då eit verdikort på 3000 kroner. 
Også Andreas Bakken har vunne to gonger i år, våde i april og i juli. 

Med andre ord: det er faktisk gode vinnarsjansar i privatsponsorlotteriet, så her er det berre å slå til. Ta kontakt med Jan Are Øvstetun eller klikk her for meir info. 

Me har to trekningar att i år! 

Me gratulerer begge vinnarane og takkar så mykje for viktig bidrag til arbeidet vårt for årdalsfotballen.